Kva er det som gir trøyst – lindring av ekstensiell smerte når ein er ramma av alvorleg sjukdom?
Er det trøyst frå venner, helsepersonale, er det å bruke tid på seg sjølv, religion eller heilt noko anna?
Eg søker etter deg som er kvinne som har fått tilbakefall av eggstokk kreft til å vera med i ein studie om Trøyst. Kva er det som lindrar ekstensiell smerte, kva er det som blir opplevd som trøyst? I studien fører du dagbok i ein tre vekers periode der du noterer kva du opplev som trøystar deg. Om du ikkje kjem på no kva som gir deg trøyst, blir du kanskje bevisst på dette gjennom dagbok skriving. Etter du har skrive håpar eg du har lyst til å møte meg for eit intervju.
Hensikten med studien er å finne ny kunnskap om kva som lindrar ekstensiell smerte når ein har fått tilbakefall av eggstokkreft.
Eg arbeidar sjølv på ein gynekologisk sengepost og sjølve studien er del av ei Masteroppgåve i studiet Klinisk- Helse og Omsorgsvitenskap ved høgskulen Vestlandet.
Studien er allereide i gong og til no er det kome fram verdifull kunnskap som kva rolle me som sjukepleiarar har, og erfaring med å søke trøyst. Men eg treng fleire som vil vera med og dele sine erfaringar. Funn frå studien skal delast og vidareformidlast.
Vil du vera med i studien?
Send ein melding eller ring meg på 47889443 eller send e-post til [email protected] så tek eg kontakt.
Helsing Sigrund