Vil du vera med i eit forskningsprosjekt?

Tema:

Trøyst: Kvinner med tilbakefall av eggstokkreft si oppleving av trøyst.

Dette er eit spørsmål til deg om å delta i eit forskningsprosjekt om kvinner som får tilbakefall av eggstokkreft.  Studien tar utgongspunkt i den ekstensielle smerten som ein veit at mange opplev når alvorleg sjukdom og livskriser rammar og hensikten med studien er å finne kva som oppleves som trøyst. 

 

Kva inneber prosjektet?

Prosjektet går i hovudsak ut på at du fører ei dagbok i tre veker der du skriv ned opplevingar som i løpet av dagen har gitt deg ei kjensle av trøyst. Det er du som bestem kva du vil fortelje, kor mykje du vil skrive og kor ofte. Etter at data er samla inn håpar eg du har mulighet til å møte meg for eit intervju der me ser tilbake på kva du har skrive i dagboka di og eg vil spør litt rundt det du har skrive, samt korleis du har opplevd å skrive dagbok om trøyst. Eg kjem gjerne heim til deg for å gjere intervjuet, ellers vil intervjuet finne stad på eit nærliggande sjukehus eller helseinstitusjon.

Fordelar og ulemper

Fordel med studien er at du bidrar til ny kunnnskap om korleis det er å ha eggstokkreft med tilbakefall og kva som er trøyst. Me veit frå liknande studier at det kan opplevast godt å fortelje historia si til nokon som lyttar. Underteikna er mastergradsstudent og jobbar i tillegg ved kvinneklinikken i Haugesund som sjukepleiar. Det kan vera krevjande å skrive dagbok, men vil understreke at stikkord og korte notatar er topp.

Frivilig deltaking – mulig å trekke samtykke

Det er heilt frivillig å delta i prosjektet. Du kan når som helst og utan grunn trekke samtykket. Dette får ingen konsekvensar for vidare behandling.  Dersom du trekk deg frå prosjektet kan me slette alle innsamla opplysningar dersom du ønskjer det, med mindre opplysningane allereide på dette tidspunktet er nytta i vitenskaplege publikasjonar. 

Kva skjer med informasjonen om deg?

Informasjonen som blir registrert om det skal berre brukast til å finne ut om kva som gir trøyst for deg som kvinne med tilbakefall av eggstokkreft. Du har rett til innsyn i kva opplysningar som er registrert om deg og har rett til å få korrigert eventuelle feil i desse. Alle opplysningane vil bli anonymiserte. Informasjon om deg vil bli anonymisert eller sletta seinast fem år etter prosjektslutt.

Prosjektleiar er Benny Huser, høgskulelektor ved Høgskulen Vestlandet. Ho er min rettleiar på masteroppgåva.

 

Vil du bli med i studien?

Då skriv du under dette samtykke skjemaet: samtykke til deltakelse og sender det på e-post til: [email protected]

Med venleg helsing

Sigrund Breistig
Student i Klinisk helse- og omsorgsvitenskap – Høgskulen Vestlandet

Sjukepleiar gynekologisk sengepost Haugesund